PIT-merking og habitatanalysar av sjøaurebekkar i Verdal – studentrapport frå feltarbeid

I nyrestaurert del av Brokskitbekken vart denne auren på 26 cm fanga og merka hausten 2021. Foto: Trygve Leigland Njaa

Førebels resultat i oppgåva viser at sjøauren ikkje står jamt fordelt i bekkane, og på eit 100 mstrekke i bekken kunne ein finne halvparten av all sjøauren innafor berre eit par kvadratmeter. I løpet av sommaren 2021 ser vi at fjorårsyngelen i delar av Brokskitbekken har vekse om lag 30 mm i løpet av dei tre sommarmånadane.  

Masterstudent i naturforvaltning, Trygve Leigland Njaa

Masterstudent ved NMBU, Trygve Leigland Njaa har sendt oss rapport frå feltarbeidet sitt, i samband med at han har motteke stipend frå Norsk Vannforening.

Mange bekkar små gjør stor å. Slik er også tilfellet for Verdalsvassdraget, der ein 30-tals bekkar drenerer i nedre del av Verdalselva. Sjøauren i vassdraget møter utfordringar med vanskelege kulvertar, kanalisering, fjerning av kantvegetasjon og dårleg vasskvalitet. Siste åra er det gjort tiltak for å betra tilhøva i vassdraget, bekkar har blitt opna og tersklar har blitt skrudd i kulvertar. Sidan 2015 har NMBU produsert masteroppgåver på sjøauren i bekkane. Denne oppfølginga over fleire år gjer at ein får moglegheit til å sjå på om tiltaka i vassdraget fungerer, og gir verdifull informasjon om korleis vidare forvaltning av vassdrag i Noreg bør gjennomførast. 

Sjøauren i 6 utvalde bekkar har siste åra blitt merka med PIT-merker. Ved å setja opp antenner ved utløpet av bekken får vi moglegheit til å følgje fiskens vandringar innad i bekken og mellom bekkar. Dersom vi fangar same fisk om att, kan vi sjå kvar fisken har vandra og lengdevekst. I masteroppgåva mi ser eg på om kulpdekning i bekkane har noko å sei på kor lenge auren står i bekken og om dette påverkar tettleiken. På feltarbeid hausten 2021 vart utvalde stasjonar i bekkane filma etter dei var el-fiska, og i løpet av vinteren vil desse filmane bli analysert og knytt opp mot data på fisk fanga på ulike segment i bekkane. Dette vil gi oss verdifull informasjon på ulike aldersklassars habitatval, og merkedata vil gi oss ny informasjon om sjøaurens vandringar. På sikt vil denne informasjonen bli nytta til å avgjera korleis ein best mogleg kan restaurera vassdraga våre. 

Parti frå sterkt kanalisert bekk utan kantvegetasjon, der private hagar går heilt ned i bekken. Foto: Trygve Leigland Njaa

Førebels resultat i oppgåva viser at sjøauren ikkje står jamt fordelt i bekkane, og på eit 100 mstrekke i bekken kunne ein finne halvparten av all sjøauren innafor berre eit par kvadratmeter. I løpet av sommaren 2021 ser vi at fjorårsyngelen i delar av Brokskitbekken har vekse om lag 30 mm i løpet av dei tre sommarmånadane.  

Eg takkar så mykje for stønaden frå Norsk Vannforening. Endelege resultata frå masteroppgåva vert klar i mai 2022. Meir informasjon om prosjektet finst på Facebook: https://www.facebook.com/groups/1483179405319140